onsdag 24 mars 2010

Harald Eia og fiksjon som hjernevask

Det har gått opp for fleire no at Harald Eias Hjernevask ikkje er eit dokumentarprogram a la Schrödingers katt. Spørsmålet ein no stiller seg er: Driv Eia populærvitskap? Er Harald Eia blitt vår eigen Stephen Hawking? I staden for å kaste seg inn i ein diskusjon om Harald Eia verkeleg er fascist, synest eg det kan vera nyttig å diskutere Hjernevask med tanke på å klargjere kva slags TV-program vi ser på. At sjanger-debatten dukka opp i NRKs eige debattprogram 18. mars, syntes eg var svært interessant, og det er den debatten eg vil forfølgje her. Det er også strengt tatt det einaste eg som litteraturvitar kan gjere. Harald Eias nyrer kjenner eg ikkje. Programma hans kjenner eg til. Og det er visse ting ved TV-program og distribusjonen av bilde som ikkje er så heilt ulik litteratur og distribusjonen av bøker. Sidan eg er er i Istanbul, vil eg her komme med eit lite avbrekk og nemne ei anna interessant TV-hending som skjedde i Georgia førre veka. Sjå for deg følgjande: Folk løper i panikk ut på gatene etter at den største TV-kanalen viser eit scenario der russiske styrker inntar Tblisi. I Noreg får ein komikar samtidig heile landet til å diskutere kjønn, seksualitet, rase, kultur og arv under vignetten "Hjernevask". Scenarioet i Georgia var introdusert som fiksjon, det var eit "kva om"-scenario, men det var det ikkje alle som fekk med seg. Kanskje meir relevant for Hjernevask enn mange hittil har tenkt? Ikkje minst med tanke på at Harald Eia er ein kjent satirikar. Er det sannsynlig at han plutselig har lagt av seg satirikarrolla? Eg tykkjer det er ein interessant tanke at Eia kan ha noko i ermet, noko han kjem til å røpe i program sju, og som får folk til å tenkje nytt om programma hans på same måte som folk i Tblisi tenkjer nytt om invasjonsscenariet etter at dei skjønte at det var fiksjon. Kanskje vil han følgje ein dramaturgi som liknar fortellinga i filmen "The Wave"? Men heilt uavhengig av om det skjer eller ikkje, så tykkjer eg det er fornuftig å betrakte Hjernevask-prosjektet som fiksjon. Og då dukkar fleire spørsmål opp: Kva for sjanger er programserien? Bortsett frå at programleiaren er fysisk iscenesett av Harald Eia, kven er den impliserte programleiaren i serien? Kva er det han vil oss? Kven er dei impliserte sjåarane av programmet? Altså korleis formar sjølve programmet bildet av sjåarmassen? Når det gjeld spørsmålet om sjanger, har programleiaren sjølv understreka at det ikkje er eit humorprogram. No er det også fleire som har peika på at programserien ikkje er dokumentar. Til det er er kjeldematerialet for skeivt og programleiaren for forutinntatt. Men kva er det då? Ein har forsøkt seg med nemninga "populærvitenskaplig program". Og det kan jo stemme med den sterkt moralistiske vinklinga av programma hittil. Populærvitskap handlar jo ofte om å trekkje moralske slutningar av den rådande vitskapen i tida. Populærvitskapen har med andre ord eit anna formål enn vitskapen, som søkjer sikker kunnskap. Når Stephen Hawking uttalar seg om anna enn svarte hol, er han minst like belærande som Harald Eia i Hjernevask, og det på felt som vitskapsmenn trass alt ikkje kan seia noko skråsikkert om. Eg har likevel vanskelig for å sjå på Harald Eia i Hjernevask som ein utøvar av populærvitskap på same måte som Stephen Hawking. Det er fleire ting som skurrar, og eg vil ta retorikken i bruk for å setje ord på det. Eg vil stanse for to ting eg ser som sentrale avvik frå populærvitskapsjangeren: 1) Ethos: Hjernevask-programleiaren er ikkje på same måte integrert med samfunnspersonen Harald Eia, som Stephen Hawkings moralske stemme er integrert med Stephen Hawking. Populærvitskap, om den kommer i form av Hawkings ateisme eller kreasjonistisk teisme, er utan unntak djupt moralsk og belærende. Trass i at fliret til Eia kan likne på fliret til Hawking, er det noko ved Eia-fliret som gjer heile personen mindre moralsk insisterande. Dette gjer også at fiksjonen i Hjernevask blir tydelig. 2) Mimesis versus diegesis, eller formidling versus beskriving. Ei anna følgd av den framskotne og flirande programleiaren Harald Eia, er at fortellinga blir tydelig. Dette kjenner eg godt igjen frå 1990-tallet. Tiåret som skapte Harald Eia, er kjent som ironiens tiår. Ingenting av det som blei sagt, blei oppfatta som seriøst. Alt var sagt før. Formidlinga (eller gjentakinga) blei så tydelig at rein beskrivelse blei umulig. Og det burde vera kjent: Mange av spørsmåla som Harald Eia liksom-trusskyldig stiller i programmet, bygg på førestillingar som har vore rådande før, og som kanskje er det enno dersom ein, som Eia, pirkar i overflata. Det er ikkje nytt å søkje naturlige forklaringar på kjønnsroller, seksualitet og sosiale skilnader. Slik eg les Harald Eia, altså ironisk, blir TV-serien ei påminning om kor skjør avvisinga av sosialdarwinismen eigentlig er i samfunnet vårt. Sjangermessig viser parodien seg når "hjernevaskaren" Harald Eia går så tydelig utover grensene for kva han kan beskrive, og gjer si eiga forteljing så tydelig. Willy Pedersen, sosiologen, peiker på noko interessant i NRK-debatten 18. mars. Harald Eia, seier han, har skrive kronikk i Aftenposten medan programsserien pågår, og ytra seg om at skoleflinke frå Oslo Øst har same muligheit til å nå langt i utdanningssystemet som ein skoleflink frå Oslo Vest (altså at begge deler er like sannsynlig). Pedersen avviser dette som feil, men legg også til at "dette kan du ikke gjøre". I mi vurdering av programmet som populærvitskap, er eg einig med Pedersen: Ein påstand som så åpenbart avfeier vitskaplige prinsipp, er umulig å ytre innafor ei populærvitskaplig ramme, det glir over i antivitskap. Og då snakkar vi om ein ganske annan sjanger. Ikkje dermed sagt at Hjernevask er dårlig satire. For det er vel nettopp satire det dreier seg om?