måndag 8 september 2008

Nordmann i Sverige

Hej alla! No er det mange som har skrivi og spurt kor det blir av han Peer i grannelandet! Titt tei, her er eg, og no skal eg fortelje kva som er så interessant med å vera norsk i Sverige. Det har seg nemleg sånn at det finst veldig få nordmenn i grannelandet, og derfor er det å vere norsk noko av det mest eksotiske ein kan vere. Eksotiskare enn å prate tyrkisk til eksempel. "Vad häftigt!" ropte ei tjei til meg i dag. Eg hadde berre svart ja då ho spurte: "Kommer du från Norge?!" Ein meir vanlig reaksjon, som eg ofte møter på, er at dei smiler og spør: "Är det möjligt att vara arg på norska?" "Nei, i alle fall ikke på en tjei som du," kan ein jo svare då. Nei, det er vanskelig å bli arg på de svenske tjejerna. Og svenskane har noko som heiter folkhemmet. Det vil seia at alle som bur i Sverige, er som ein stor famile, som om ein budde i den same heimen. Kanskje det var noko sånt Jagland ville skape då han lanserte Det norske hus? Ikkje veit eg, men i Sverige fungerer det i alle fall sånn. Går eg til tannlækjaren, så spleisar vi på det, eg og folkhemmet. Det same om eg går i symjehallen. I Uppsala, her eg bur, finst det fleire sykkelstigar enn bilvegar. Og når ungane går på skolen, får dei ikkje berre eit eple eller ei gulrot, kan du tru. Nei, då spleisar alle foreldra i folkhemmet på eit skikkelig og varmt måltid mat. Sidan alle er så gode venner i folkhemmet, synest alle det er heilt ok når dei blir spurde om å oppgi personnummeret sitt, og det blir dei ofte. Utan personnummer høyrer du nemleg ikkje til i folkhemmet. Då får du ingen skolemat, sjukehusplass eller rabatt hos tannlækjaren. Personnummeret er på ein måte DNA-molekylet som viser at du er i famile med alle dei andre i folkhemmet. Har du dette nummeret, er du som den gjævaste vesle gullungen i heile verda! Derfor seier ein ofte personnummeret sitt, for det er så godt å bli dulla med. Og det svenske forsvaret les alt ein skriv i e-post til kvarandre, men det synest dei fleste ikkje gjer noko, for det svenske forsvaret har ikkje skote nokon på over hundre år - ikkje i Sverige! Og derfor er det ingen som har lyst til å skrive stygge ting i e-postane til kvarandre heller. No har eg hatt svensk personnummer i eit halvt år, og då skal eg få lov å kjøpe ny mobiltelefon. Det gler eg meg til!