tisdag 17 februari 2009

Miljø eller fugleinfluensa?

Kva likte du best? Eg må seia at eg blei veldig glad for eit par år sia då miljøsaka plutseleg blei stor. Heilt sidan Gro i Rio har mange tenkt at økonomien ikkje er berekraftig - vi har i alle fall ikkje hatt noen grunn til å tru at han er det i og med at spørsmålet har vore så dårleg belyst. Derfor blei eg glad då miljøsaka plutseleg fekk den merksemda som ho fortener. Brått var fugleinfluensa, terroristar og andre skræmslar bytt ut med noko som verka relevant. Men no veit eg ikkje lenger ... No som miljøsaka er blitt den nye fugleinfluensaen verkar ho ikkje like alvorleg lenger.

lördag 7 februari 2009

Knutby er her igjen!

I kveld skal eg sjå filmen. Det blir spennande. Mange i Sverige sutrar det gamle refrenget: Men det var jo ikkje sånn det var! Dei er vane med å tenkja i klåre kategoriar: Sant eller falskt, fakta eller fiksjon. No er dei veldig forvirra. For i Knutby-saka er det mange "sanningar" å forsyne seg av. Som ein Uppsala-journalist spurde så betutta i går: Kva skal me tru? Etter å ha stilt spørsmålet retorisk tre gonger, kræsjlanda han med følgjande forslag: Dra til Knutby og sjå sjølv! (Knutby ligg like borti skogane her, ein halvtime med buss frå Uppsala, eller noko sånt.) Eg drar ikkje til Knutby. Historia er ekstrem og grotesk i kombinasjonen av sex og religion, kjærleik og hat som endar med drap, men det er klart eg ikkje finn det same om eg drar til Knutby i dag! Det er ikkje ofte samspellet mellom dei nemnde ingrediensane er så til dei grader kakofonisk som i Knutby for nokre år sia. Det er derfor eg skal på kino - der fell tonane framleis saman i, for vi håpe, noko ustemd harmoni. Når det er sagt, så inneheld jo historia visse allmenne aspekt: religion, sex, sjalusi, trekantdrama. I Knutby blir alt sett på spissen. Trekantdrama ender, gudskjelov, som oftast IKKJE med drap. Religion er heller ingen sikker veg til sex. Osv. Dette veit vi. Men det er masse eg ikkje veit om trekantforhold, religion og åbryskap, og Knutby er ein interssant studie: Eg tenkjer å sjå filmen både med auge for det allmenne og det spesielle. Kva roller hadde dei enkelte aktørane i trekantdramaet? Kva krefter framelska trekantforholdet, og kvifor blei det så destruktivt?