Eg er nettopp kommen tilbake til hotellet etter ein dagstur til den gamle mayabyen Chichen Itza på Yukatan-halvøya i Mexico. Namnet skal bety "Munninga ved brønnen til Itzaene". Byen hadde si storheitstid for tusen år sia -- og det var mektige ting vi fekk sjå og høre.
Ei av dei arkitektoniske nyvinningane for mayaland i Chichen Itza, er desse søylegangane ved Soldattempelet -- elles er mayaarkitekturen generelt monumental og ikkje prega av opne rom. Då vi stod her, dukka det også opp nokre ungar som gav oss ein prøvesmak på moderne maya-språk.
Det mest imponerande byggverket i den forne mayahovedstaden er nok likevel Kukulkan-tempelet, ein kombinert kalender, offerplass og gravkammer. Her er eit trappetrinn for kvar av dei 365 dagane i året. Kvart vårjamdøgn snik slangen Kukulkan seg ned langs ei av sidene på tempelet. Og kvart haustjamdøgn kryp den same slangen opp igjen. Om du står nær og klappar, hørest det fugleskrik innantil tempelet. Det er ekkoet som visstnok hørest ut som quetzalen, ein heilag fugl for mayaene.
Ikkje langt frå Kukulkan-tempelet ligg eit platå bygd opp av skrekkinngytande hovuder i stein. Det er mykje fint å seia om mayaene. Dei hadde avansert kunnskap innan astrologi og geometri, og dei hadde eit skriftsystem basert på hieroglyfar. Det meir problematiske med denne kulturen var den institusjonaliserte menneskeofringa. Gaiden vår kunne fortelje at veggen du ser ovanfor, trulig er bygd for å æra dei som vart ofra til mayagudane.
Han kunne også fortelle at tempela og veisystemet som binder dem sammen, til sammen størstedelen av byen, var bygd tre meter over jungelnivå for å skille overklassen fra underklassen. Idet han forklarte dette, pekte han ned mot grøftekanten der dagens mayaer satt på rekke og rad med spikk og annet håndarbeid som de ville selge oss turistene "veldig billig."
Det gynske selv, det er den hær / af ønsker, lyster og begær / det gynske selv, det er det hav / af infald, fordringer og krav / kort alt, som netop mit bryst hæver / og gør at jeg, som sådan, lever. (Peer medens klædd i elegant rejsedragt, med guldlorgnet på brystet, præsiderende som vært for bordenden i en palmeskov ved Marokkos sydlige kyst)
lördag 13 november 2010
torsdag 11 november 2010
Tyrkiske namn og russisk litteratur
Fire bøker på sengekanten. Tre tyrkiske namn. En Orhan Pamuk, en Elif Batuman og en Azade Seyhan. Litteratur og litteraturvitskap i ulike fargar og former--og to omslag med eksplisitt referanse til russisk litteratur. Eg kosar meg allereie med denne sengelektyra--og kjem tilbake med meir når eg har lese gjennom dei ...
onsdag 10 november 2010
Eit par glimt frå Madison
Mange har spurt om ikkje eg kan dele fleire bilde frå reisene mine i aust og vest. Bilde skal bli! Her frå Madison, heimstaden min dette semestret:
Delstatsbygninga i Madison, "the Wisconsin State Capitol." Den ligger på høgda som alle vegar i "the Mad City" fører til. Og om ein ser bort ifrå dei fire utstikkarane, liknar bygninga ganske mykje på Capitol i Washington--så mykje at filmskaparar visstnok kjem hit for liksom å filme Washington--men sjølv har eg ikkje sett noko eksempel på det. (Sei gjerne ifrå om du har sett ein slik film.)
Terassen til studenthuset, eller "the Memorial Union Terrace" med utsikt mot sjøen Mendota.
onsdag 24 mars 2010
Harald Eia og fiksjon som hjernevask
Det har gått opp for fleire no at Harald Eias Hjernevask ikkje er eit dokumentarprogram a la Schrödingers katt. Spørsmålet ein no stiller seg er: Driv Eia populærvitskap? Er Harald Eia blitt vår eigen Stephen Hawking? I staden for å kaste seg inn i ein diskusjon om Harald Eia verkeleg er fascist, synest eg det kan vera nyttig å diskutere Hjernevask med tanke på å klargjere kva slags TV-program vi ser på. At sjanger-debatten dukka opp i NRKs eige debattprogram 18. mars, syntes eg var svært interessant, og det er den debatten eg vil forfølgje her. Det er også strengt tatt det einaste eg som litteraturvitar kan gjere. Harald Eias nyrer kjenner eg ikkje. Programma hans kjenner eg til. Og det er visse ting ved TV-program og distribusjonen av bilde som ikkje er så heilt ulik litteratur og distribusjonen av bøker.
Sidan eg er er i Istanbul, vil eg her komme med eit lite avbrekk og nemne ei anna interessant TV-hending som skjedde i Georgia førre veka. Sjå for deg følgjande: Folk løper i panikk ut på gatene etter at den største TV-kanalen viser eit scenario der russiske styrker inntar Tblisi. I Noreg får ein komikar samtidig heile landet til å diskutere kjønn, seksualitet, rase, kultur og arv under vignetten "Hjernevask". Scenarioet i Georgia var introdusert som fiksjon, det var eit "kva om"-scenario, men det var det ikkje alle som fekk med seg. Kanskje meir relevant for Hjernevask enn mange hittil har tenkt? Ikkje minst med tanke på at Harald Eia er ein kjent satirikar. Er det sannsynlig at han plutselig har lagt av seg satirikarrolla?
Eg tykkjer det er ein interessant tanke at Eia kan ha noko i ermet, noko han kjem til å røpe i program sju, og som får folk til å tenkje nytt om programma hans på same måte som folk i Tblisi tenkjer nytt om invasjonsscenariet etter at dei skjønte at det var fiksjon. Kanskje vil han følgje ein dramaturgi som liknar fortellinga i filmen "The Wave"? Men heilt uavhengig av om det skjer eller ikkje, så tykkjer eg det er fornuftig å betrakte Hjernevask-prosjektet som fiksjon. Og då dukkar fleire spørsmål opp: Kva for sjanger er programserien? Bortsett frå at programleiaren er fysisk iscenesett av Harald Eia, kven er den impliserte programleiaren i serien? Kva er det han vil oss? Kven er dei impliserte sjåarane av programmet? Altså korleis formar sjølve programmet bildet av sjåarmassen?
Når det gjeld spørsmålet om sjanger, har programleiaren sjølv understreka at det ikkje er eit humorprogram. No er det også fleire som har peika på at programserien ikkje er dokumentar. Til det er er kjeldematerialet for skeivt og programleiaren for forutinntatt. Men kva er det då? Ein har forsøkt seg med nemninga "populærvitenskaplig program". Og det kan jo stemme med den sterkt moralistiske vinklinga av programma hittil. Populærvitskap handlar jo ofte om å trekkje moralske slutningar av den rådande vitskapen i tida. Populærvitskapen har med andre ord eit anna formål enn vitskapen, som søkjer sikker kunnskap. Når Stephen Hawking uttalar seg om anna enn svarte hol, er han minst like belærande som Harald Eia i Hjernevask, og det på felt som vitskapsmenn trass alt ikkje kan seia noko skråsikkert om.
Eg har likevel vanskelig for å sjå på Harald Eia i Hjernevask som ein utøvar av populærvitskap på same måte som Stephen Hawking. Det er fleire ting som skurrar, og eg vil ta retorikken i bruk for å setje ord på det. Eg vil stanse for to ting eg ser som sentrale avvik frå populærvitskapsjangeren:
1) Ethos: Hjernevask-programleiaren er ikkje på same måte integrert med samfunnspersonen Harald Eia, som Stephen Hawkings moralske stemme er integrert med Stephen Hawking. Populærvitskap, om den kommer i form av Hawkings ateisme eller kreasjonistisk teisme, er utan unntak djupt moralsk og belærende. Trass i at fliret til Eia kan likne på fliret til Hawking, er det noko ved Eia-fliret som gjer heile personen mindre moralsk insisterande. Dette gjer også at fiksjonen i Hjernevask blir tydelig.
2) Mimesis versus diegesis, eller formidling versus beskriving.
Ei anna følgd av den framskotne og flirande programleiaren Harald Eia, er at fortellinga blir tydelig. Dette kjenner eg godt igjen frå 1990-tallet. Tiåret som skapte Harald Eia, er kjent som ironiens tiår. Ingenting av det som blei sagt, blei oppfatta som seriøst. Alt var sagt før. Formidlinga (eller gjentakinga) blei så tydelig at rein beskrivelse blei umulig. Og det burde vera kjent: Mange av spørsmåla som Harald Eia liksom-trusskyldig stiller i programmet, bygg på førestillingar som har vore rådande før, og som kanskje er det enno dersom ein, som Eia, pirkar i overflata. Det er ikkje nytt å søkje naturlige forklaringar på kjønnsroller, seksualitet og sosiale skilnader. Slik eg les Harald Eia, altså ironisk, blir TV-serien ei påminning om kor skjør avvisinga av sosialdarwinismen eigentlig er i samfunnet vårt. Sjangermessig viser parodien seg når "hjernevaskaren" Harald Eia går så tydelig utover grensene for kva han kan beskrive, og gjer si eiga forteljing så tydelig. Willy Pedersen, sosiologen, peiker på noko interessant i NRK-debatten 18. mars. Harald Eia, seier han, har skrive kronikk i Aftenposten medan programsserien pågår, og ytra seg om at skoleflinke frå Oslo Øst har same muligheit til å nå langt i utdanningssystemet som ein skoleflink frå Oslo Vest (altså at begge deler er like sannsynlig). Pedersen avviser dette som feil, men legg også til at "dette kan du ikke gjøre". I mi vurdering av programmet som populærvitskap, er eg einig med Pedersen: Ein påstand som så åpenbart avfeier vitskaplige prinsipp, er umulig å ytre innafor ei populærvitskaplig ramme, det glir over i antivitskap. Og då snakkar vi om ein ganske annan sjanger.
Ikkje dermed sagt at Hjernevask er dårlig satire. For det er vel nettopp satire det dreier seg om?
söndag 30 augusti 2009
Gammal kampsak. Fortsatt aktuell?
Nå er det lenge sia jeg har blogga. Men nå er det jo valgkamp, og plutselig oppstår disse illusoriske øyeblikk der man kan komme til å tenke at ens egen stemme har noe å si. Så gravde jeg litt i gamle dokumenter her på pc-en, og se: En mail jeg skreiv til Vestfolds SV-representant på Stortinget, Inga Marte Thorkildsen, for fire år sia. Og ikke nok med det: Se, så sint jeg kunne bli den gangen, ha ha. Hadde nok ikke kommet på å skrive noe sånt i dag, nei ...
Men kjære lesere, nå velger jeg likevel å dvele litt ved illusjonen, og publiserer hermed min egen stemme fra ei annen tid. Jeg vil gjerne høre deres kommentarer. Burde jeg egentlig sende følgende mail til Inga Marte? Er det fortsatt aktuelt å kjempe for individets rett i verden? Og hjelper det å slåss? Jeg setter stor pris på kommentarer, både fra dere som mener 20-åringer bør tilkjennes individuelt ansvar, og de som mener nasjonen tross alt vet best! PS. Legg merke til at mailen er skrevet like etter at de rødgrønne fant sammen i regjering. Den trenger en liten oppdatering om den skal sendes nå.
Kjære Inga Marte,
jeg sikter til en sak som jeg spurte deg om i forrige stortingsperiode, nemlig 23-årsregelen, som blei innført da.
I dag er det kanskje en 26-årsregel dere har gjort det til?? Og kanskje har du og SV-kameratene dine fått gjennomslag for det generøse løftet dere ga i valgkampen om senke den økonomiske sperregrensa fra 180 000 (Høyres ønske) til 120 000. Men uansett, du veit hva jeg snakker om: en forskrift som de kristelige høyrepolitikerne innførte for at unge nordmenn med lave inntekter ikke skal kunne gifte seg med hvem som helst, bare med innbyggere fra land som politikerne har gått gode for: EU-land, New Zealand og Canada. Ektefeller fra andre land mener de borgerlige at ikke er i stand til å forsørge seg sjøl; de må forsørges, og den jobben skal ikke finansieres over statsbudsjettet. Derfor har de satt et anstendig minstekrav på hvor mye ”den herboende” må tjene; slik påser de omsorgsfulle nasjonale politikerne at alle landets innbyggere lever et anstendig, borgerlig liv i velferd.
Du brukte ei uke på å svare på den forrige mailen jeg sendte deg. Det er en forskrift, sa du. Vi har ikke noe med det. Kongen, det. Kongen i statsråd. Og forskriften skal være god, hjelper visst mot tvangsekteskap. Ja, og forresten skal den opp til vurdering om fire år, som forskrifter flest, så det er ingen grunn til å forhaste seg. Du fikk en av sekretærene til å utarbeide de byråkratiske formuleringen. Hva nå da, Inga Marte? I dag når kameratene dine sitter ved Kongens bord, hva har du tenkt å gjøre nå? For ærlig talt, hva har staten med å bestemme hvor mye folk skal tjene for å leve sammen med den de elsker? Det er ikke sosialisme å definere bort de mindre bemidlede. Men er det sosialisme å mene at mennesker fra bestemte land ikke kan forsørge seg sjøl? Jo det er kanskje det. Jeg mener forøvrig ikke at SV er rasistisk. 23-årsregelen, eller forskriften om nasjonalt bestemte tvangsskilsmisser, er ikke rasistisk: Den setter ingen kriterier basert på rasekategorier, men skiller mellom ”herboende” og utenfrakommende. Det er oss herboende forsørgeransvaret påhviler (takk for tilliten), det er vi som tiltros evnen til å tilpasse oss den anstendige velferdsstandard, definert av den norske regjering med Stortingets støtte.
Inga Marte, jeg forventer ikke at du aleine kan starte en kamp for en sosialisme der individet settes over nasjonen. Men hvorfor kan ikke gjøre som andre partier, som vedgår at de sitter i borgerlige partier, eller til og med tar med ”Det norske” med i partinavnet sitt? NSV, Det norske sosialistiske venstreparti eller BSV, Det borgerlige sosialistiske venstreparti kunne vært passende navn som viste til partiets ideologier i sin rette orden.
tisdag 17 februari 2009
Miljø eller fugleinfluensa?
Kva likte du best? Eg må seia at eg blei veldig glad for eit par år sia då miljøsaka plutseleg blei stor. Heilt sidan Gro i Rio har mange tenkt at økonomien ikkje er berekraftig - vi har i alle fall ikkje hatt noen grunn til å tru at han er det i og med at spørsmålet har vore så dårleg belyst. Derfor blei eg glad då miljøsaka plutseleg fekk den merksemda som ho fortener. Brått var fugleinfluensa, terroristar og andre skræmslar bytt ut med noko som verka relevant. Men no veit eg ikkje lenger ... No som miljøsaka er blitt den nye fugleinfluensaen verkar ho ikkje like alvorleg lenger.
lördag 7 februari 2009
Knutby er her igjen!
I kveld skal eg sjå filmen. Det blir spennande. Mange i Sverige sutrar det gamle refrenget: Men det var jo ikkje sånn det var! Dei er vane med å tenkja i klåre kategoriar: Sant eller falskt, fakta eller fiksjon. No er dei veldig forvirra. For i Knutby-saka er det mange "sanningar" å forsyne seg av. Som ein Uppsala-journalist spurde så betutta i går: Kva skal me tru? Etter å ha stilt spørsmålet retorisk tre gonger, kræsjlanda han med følgjande forslag: Dra til Knutby og sjå sjølv! (Knutby ligg like borti skogane her, ein halvtime med buss frå Uppsala, eller noko sånt.)
Eg drar ikkje til Knutby. Historia er ekstrem og grotesk i kombinasjonen av sex og religion, kjærleik og hat som endar med drap, men det er klart eg ikkje finn det same om eg drar til Knutby i dag! Det er ikkje ofte samspellet mellom dei nemnde ingrediensane er så til dei grader kakofonisk som i Knutby for nokre år sia. Det er derfor eg skal på kino - der fell tonane framleis saman i, for vi håpe, noko ustemd harmoni.
Når det er sagt, så inneheld jo historia visse allmenne aspekt: religion, sex, sjalusi, trekantdrama. I Knutby blir alt sett på spissen. Trekantdrama ender, gudskjelov, som oftast IKKJE med drap. Religion er heller ingen sikker veg til sex. Osv. Dette veit vi.
Men det er masse eg ikkje veit om trekantforhold, religion og åbryskap, og Knutby er ein interssant studie: Eg tenkjer å sjå filmen både med auge for det allmenne og det spesielle. Kva roller hadde dei enkelte aktørane i trekantdramaet? Kva krefter framelska trekantforholdet, og kvifor blei det så destruktivt?
Prenumerera på:
Inlägg (Atom)




