tisdag 17 februari 2009

Miljø eller fugleinfluensa?

Kva likte du best? Eg må seia at eg blei veldig glad for eit par år sia då miljøsaka plutseleg blei stor. Heilt sidan Gro i Rio har mange tenkt at økonomien ikkje er berekraftig - vi har i alle fall ikkje hatt noen grunn til å tru at han er det i og med at spørsmålet har vore så dårleg belyst. Derfor blei eg glad då miljøsaka plutseleg fekk den merksemda som ho fortener. Brått var fugleinfluensa, terroristar og andre skræmslar bytt ut med noko som verka relevant. Men no veit eg ikkje lenger ... No som miljøsaka er blitt den nye fugleinfluensaen verkar ho ikkje like alvorleg lenger.

lördag 7 februari 2009

Knutby er her igjen!

I kveld skal eg sjå filmen. Det blir spennande. Mange i Sverige sutrar det gamle refrenget: Men det var jo ikkje sånn det var! Dei er vane med å tenkja i klåre kategoriar: Sant eller falskt, fakta eller fiksjon. No er dei veldig forvirra. For i Knutby-saka er det mange "sanningar" å forsyne seg av. Som ein Uppsala-journalist spurde så betutta i går: Kva skal me tru? Etter å ha stilt spørsmålet retorisk tre gonger, kræsjlanda han med følgjande forslag: Dra til Knutby og sjå sjølv! (Knutby ligg like borti skogane her, ein halvtime med buss frå Uppsala, eller noko sånt.) Eg drar ikkje til Knutby. Historia er ekstrem og grotesk i kombinasjonen av sex og religion, kjærleik og hat som endar med drap, men det er klart eg ikkje finn det same om eg drar til Knutby i dag! Det er ikkje ofte samspellet mellom dei nemnde ingrediensane er så til dei grader kakofonisk som i Knutby for nokre år sia. Det er derfor eg skal på kino - der fell tonane framleis saman i, for vi håpe, noko ustemd harmoni. Når det er sagt, så inneheld jo historia visse allmenne aspekt: religion, sex, sjalusi, trekantdrama. I Knutby blir alt sett på spissen. Trekantdrama ender, gudskjelov, som oftast IKKJE med drap. Religion er heller ingen sikker veg til sex. Osv. Dette veit vi. Men det er masse eg ikkje veit om trekantforhold, religion og åbryskap, og Knutby er ein interssant studie: Eg tenkjer å sjå filmen både med auge for det allmenne og det spesielle. Kva roller hadde dei enkelte aktørane i trekantdramaet? Kva krefter framelska trekantforholdet, og kvifor blei det så destruktivt?

lördag 17 januari 2009

Skavlan i Sverige og tyrkisk i Azerbaidsjan

Fredrik Skavlan har flytta showet sitt til Sverige. I går var det premiere.  Eg synest han er sjarmerande. Språkleg framstod Fredrik Skavlan som eit föredöme på kossen ein bör snakke norsk i Sverige. Ok, svorsk: Her var det kjensle, recensioner og lekare for läkare, men sånt legg ikkje svenskane merke ved. Motstykket dukka opp i form av Ari Behn. Prinsessegemalen fekk bruke av Skavlans sendetid til å halde fram med sin personlige vendetta, og kunne fortelje om "teppbombningen" (med svorsk tonefall) fra Carl Erik Grimstad. Her greip Fredrik Skavlan resolutt inn og retta til "mattbombningen" (med vanlig östlandsk tonefall). SVT1 teksta med "bombardement". Ari hadde bestemt seg for å snakke svensk. Flott, det fiksar vel ein som er vaksen opp i Moss. Men Ari har bare lärt seg det halvvegs, og da høyrest det ikkje bra ut. Det gjekk opp for meg i går. Greia var at han hadde fått med seg det at dei svenske a-ene ofte liknar meir på ä. Men han trudde det gjaldt ALLE, og det gjör det så men ikkje! Eit kvikt hovud som var på vitjing her i Uppsala tidligare i haust, la fort merke til at a-ene i "Uppsala" ikkje er like. Den siste liknar på ein ä, men den förste liknar faktisk meir på ein å. På svensk kallast dei kort og lång a, men dei kunne godt ha kalla dei fremre og bakre a, eller flat og rund a. I alle fall: Norsk blir ikkje svensk om ein byttar ut alle a-er med ä. Å bytte ut ä med e, som Skavlan, er kanskje ikkje så farlig, sjölv om mange er spesielt redd for nettopp det at läkare blir til lekare.

For ei veke sidan blei det sett stopp for tyrkiske tv-program i aserbajdsjansk fjernsyn - og dei har det vore mange av. Styresmaktene fryktar "Istanbul-tyrkiskens" påverknad ved Kaspihavet. Gje Skavlan ei veke til, så skjer kanskje det same med norske program i Sverige. Rykta går om at Stockholm-borna allereie har bytt ut läkare med lekare. Blir det morosommare for dei då tru?

fredag 16 januari 2009

Kautokeino-oppröret, eit lite stykke Noreg?

Ja, du hörte riktig. Kautokeino, eit lite stykke Noreg. Ikkje slik vi liker å tenkje på det, i alle fall ikkje etter Alta-oppröret. Sameland skal vere annleis, Sameland skal vere autentisk, Finnmark skal ikkje vere norsk. Men det er nettopp norsk det blir i filmen til Nils Gaup. Han ville fortelje ei historie som aldri har blitt fortalt för. Det handlar om hans eigne forfedrar, det handlar om barna hans. Kautokeino-oppröret er ein viktig film. Det er ei viktig historie. Men ny? Eigentlig ikkje. Religiös vekkjing, kamp mot övrigheita, avhaldssak - när sagt alle hovudingrediensane i Kautokeino har sine parallellar i historia om Noreg, det moderne Noreg. Og det er nettopp det som skuffar meg. Som den postmodernistiske nostalgikaren eg er, tenkjer eg at dersom Gaup skulle gjort alvor av det han lova, så skulle han ikkje terpa på den moderne historia om folkereising og frigjöring frå staten. Samane har ei eiga historie - fram til Lästadius-vekkjinga hadde dei til og med ein eigen religion. Ja, framleis har dei mange kulturelle drag som skil seg frå sör. Kort sagt: Det er annleis å veksa opp i Karasjok enn i Vestfold. Trass det nostalgiske i min eigen posisjon, meiner eg ikkje at den nye forteljinga, trong bli ei forteljing om "det gamle". Men det blir inga ny forteljing om ein ikkje vågar å sjå kritisk på Lästadius. Denne trusretninga er i grunnen luthersk. Ho knyt näre band mellom staten og hjarta til kvar menneskesjel. På sikt har lästadianismen fört til at samane har blitt integrerte i Noreg på det mest intime vis. Kautokeino-oppröret fortel ikkje korleis dette kunne skje. Ikkje eit ord om korleis folket brått vart lästadianarar og mista tiltru til gammaltrua. I filmen blir hovudkonflikten teikna som ein kamp mellom spriten og Bibelen, kyrkja og lästadiarane, mellom presten Stockfleth og biskopen Juell. Dette er inga ny forteljing om Kautokeino. Det er den gamle forteljinga om Noreg. Kva er den nye forteljinga, den som vi framleis ventar på? Det er forteljinga som, trass gnisningar, klarar og gi eit bilde av både det som bind folket og feet her nord til naturen dei lever i, og det som knyt dei til ei större verd. Det er ei forteljing som framleis lever. Det er ikkje berre historie. Den nye forteljinga er framhaldet av "Veiviseren". Den nye forteljinga er Mari Boine trass Lästadius, Alta-oppgjöret trass Brundtland, joiken trass katekismen, samisken trass norsken - utan å drukne i nostalgi. For joiken lever! Reinen er framleis vegvisar. Og folk flest pratar norsk som om det var morsmålet deira. Folk flest har eit forhold til Bibelen. Om Nils Gaup verkeleg ville gi oss den nye forteljinga, er det klare fordelar med å leggje henne til Kautokeino 1852. For den gongen var skilnadene tydeligare mellom det gamle, lokale og det nye, som band folket til ei större verd. Ein må kort sagt ikkje grave så langt ned for å framstille denne forteljinga, om ein legg ho til 1852. Spriten og Bibelen er to slike "nye" band, som ligg ope i dagen. Runebomma fins kanskje også? Kautokeino-oppröret er ein viktig film. Og ein ting må eg trekkje fram som skil denne forteljinga frå den vanlige norske: Det er dei knappe ressursane, kampen for å overleva. Samane i 1852 måtte gjöra opprör, seier Gaup. Kossen skulle det gå med reinane, med sjölve livsgrunnlaget deira, om Hätta og Gaup sat fengsla? spör filmen. Dette er eit poeng vi sörpå ofte glömmer. Samekamp har aldri vore kulturkamp, först og fremst. Det har vore ein kamp for å overleva. Dette skil seg frå den norske forteljinga om handelsrettar på sjöen, retten til å ha eigne utrikesstasjonar, eige norsk vattenkraft, vinne havområde og oljefelt i nord og sör. At landet er rikt, står klart i forteljinga om Noreg. Det er tilgangen til rikdommane kampen har stått om. Mon om ikkje samane gjorde lurt i å ta til seg den biten av den norske forteljinga og? Det er nok av ressursar i nord. Lese inn i Nils Gaups forteljing blir olje- og gassfelta berre trugande. Dei blir den nye spriten. Det er eigentlig litt synd. For verken olja eller spriten forsvinn sjöl om ein klyngar seg til reinsdyra sine. Også nordområda treng ei forteljing om kossen det nye går (har gått og skal gå) saman med det gamle - på godt og vondt.

tisdag 16 december 2008

I denne mørke midtvinterstid har jeg lyst til å dele et tyrkisk dikt som Orhan Gencebay har satt melodi til. Noen av dere har kanskje hørt sangen sunget enten av Orhan Gencebay eller av Sezen Aksu, Tyrkias pop-dronning? Jordskjelvet I natt, i denne byen Retter alt seg mot ett punkt Sjelen er til salgs Byen er et marked Tråkkes under fot, hey hey Inntil morgengry Roper kuplene: Hu Guds tjenere svaier hu, hu, hu Hva er dette for tilbedelse? Hvem er det som kaller? Alles blikk safrangule Hus flate i bønn Ved midnatt roper alle rom: Hu markedshallene svaier Hu hu hu Min elskede tier Fra hodet kommer ingen beskjed Det svartner for øynene Fra snøen, jorda hey hey Telegram på telegram Mastene, de roper Hu Strømlinjene svaier Hu hu hu Hva er denne rystelsen på jorda? Opp og ned, opp og ned Det er dommedag Og det er vinter I alle hager, hey hey En gudstjeneste har begynt Trærne roper Hu Greiner svaier Hu hu hu I natt, i denne byen Retter alt seg mot ett punkt Sjelen er til salgs Byen er et marked Tråkkes under fot, hey hey Inntil morgengry Roper kuplene ”Hu” Guds tjenere svaier hu, hu, hu hu, hu, hu hu, hu, hu Tekst: Bekir Sıtkı Erdoğan Oversettelse: Gunvald Ims To kommentarer til to sentrale begrep i teksten: Ordet som er brukt for jordskjelv, er "zelzele", som også er tittelen på en sura i Koranen. Den handler om dommedag. “Hu” er et persisk ord som tilsvarer vårt “Gud”. På tyrkisk brukes det flittig innen visse sekter under seremonier der poenget er å komme i ekstase. Da er det viktig å repetere ordet taktfast mens man beveger kroppen i samme rytme. En kommentar (og invitasjon) til kontekstualisering: Diktet ble skrevet etter jordskjelvet i Adapazari, 1967. Jordskjelv er en realitet for mange mennesker i Tyrkia og andre steder i verden, ikke bare når de skjer, men hver gang man kommer til å tenke på at det meste av det man omgir seg med, sannsynligvis vil klappe sammen i løpet av ens levetid. Her i Skandinavia deler vi ikke denne angsten, men kanskje kan diktet relateres til andre "jordskjelv"?

måndag 8 september 2008

Nordmann i Sverige

Hej alla! No er det mange som har skrivi og spurt kor det blir av han Peer i grannelandet! Titt tei, her er eg, og no skal eg fortelje kva som er så interessant med å vera norsk i Sverige. Det har seg nemleg sånn at det finst veldig få nordmenn i grannelandet, og derfor er det å vere norsk noko av det mest eksotiske ein kan vere. Eksotiskare enn å prate tyrkisk til eksempel. "Vad häftigt!" ropte ei tjei til meg i dag. Eg hadde berre svart ja då ho spurte: "Kommer du från Norge?!" Ein meir vanlig reaksjon, som eg ofte møter på, er at dei smiler og spør: "Är det möjligt att vara arg på norska?" "Nei, i alle fall ikke på en tjei som du," kan ein jo svare då. Nei, det er vanskelig å bli arg på de svenske tjejerna. Og svenskane har noko som heiter folkhemmet. Det vil seia at alle som bur i Sverige, er som ein stor famile, som om ein budde i den same heimen. Kanskje det var noko sånt Jagland ville skape då han lanserte Det norske hus? Ikkje veit eg, men i Sverige fungerer det i alle fall sånn. Går eg til tannlækjaren, så spleisar vi på det, eg og folkhemmet. Det same om eg går i symjehallen. I Uppsala, her eg bur, finst det fleire sykkelstigar enn bilvegar. Og når ungane går på skolen, får dei ikkje berre eit eple eller ei gulrot, kan du tru. Nei, då spleisar alle foreldra i folkhemmet på eit skikkelig og varmt måltid mat. Sidan alle er så gode venner i folkhemmet, synest alle det er heilt ok når dei blir spurde om å oppgi personnummeret sitt, og det blir dei ofte. Utan personnummer høyrer du nemleg ikkje til i folkhemmet. Då får du ingen skolemat, sjukehusplass eller rabatt hos tannlækjaren. Personnummeret er på ein måte DNA-molekylet som viser at du er i famile med alle dei andre i folkhemmet. Har du dette nummeret, er du som den gjævaste vesle gullungen i heile verda! Derfor seier ein ofte personnummeret sitt, for det er så godt å bli dulla med. Og det svenske forsvaret les alt ein skriv i e-post til kvarandre, men det synest dei fleste ikkje gjer noko, for det svenske forsvaret har ikkje skote nokon på over hundre år - ikkje i Sverige! Og derfor er det ingen som har lyst til å skrive stygge ting i e-postane til kvarandre heller. No har eg hatt svensk personnummer i eit halvt år, og då skal eg få lov å kjøpe ny mobiltelefon. Det gler eg meg til!