onsdag 26 oktober 2016

Fire tusen teikn, eitt ord: Fred

Av Sine Ergün
Omsett av Gunvald Axner Ims

Kvar dag i fleire veker har vi som kallar oss venner av Aslı, skrive ein ny kronikk i denne serien. Med orda våre ønskjer vi å halde kravet vårt fast på dagsordenen. Vi vil vere ein stemme for Aslı Erdoğan, Necmiye Alpay og alle andre som betaler prisen for å krevje fred.



Eg har ikkje noko å leggje til det som har vore skrive før, og eg kjenner ikkje for å ytre håpefulle ønske om framtida, har aldri vore nokon optimist. Eg kjenner meg ofte einsam, hissig og utålmodig. Det er som om det verkelege, forsvinn. Det eine tastaturslaget etter det andre – det er mest så eg mister kjensla for stad og retning, kjenner meg framandgjord overfor alt eg kjende grunnen til. Eg har nok aldri kjent at eg riktig høyrer til, men no blir eg utstøytt, som ein fiende. Eg vil bort. Og kva meir? Eg vil slå tilbake. 

Kva skjedde med humanitet og sjølvrespekt? Ein ting er sikkert, og det er at slike verdiar ikkje handlar om å vere positiv eller negativ. Dei er universelle verdiar, føresetnader for å vere menneske, noko vi må verne og aldri gå bort ifrå. Dei handlar om kva kvar enkelt må gjere, utan synlege resultat, i forsøk på å byggje og spreie eit medvit, medan det verkelege, flyttar rundt frå ei ramme til ei anna, og ein prøver å gløyme. Eg veit at dagane vi gjennomlever, vil gå over. Det vil komme lysare eller mørkare dagar.  Enten gjer vi noko med dei søte uttrykka vi har, som kjem til kort i møte med livet, eller så vil livet sjølv gå i gløymeboka. Ein dag når vi blir store, vil det gå opp for oss at fred er noko vi treng, alle saman. Eller kanskje vil det ikkje det. Fram til den dagen må vi lære oss å vere tålmodige og skape nye vegar når vegen blir sperra for oss. 

Det ligg ikkje håp i tiltaksløyse, vi må bli sta så det held. For det går ikkje over, behovet for det verkelege. ”Det trengjer seg ikkje inn i det verkelege som ei pil. Nei, det er meir som at det deler seg, løyser seg opp og siver inn i kvar sprekk” (frå Aslı Erdoğans Samtale med ei eremittsjel” i samlinga Ein gong til). 

I dag sa far: Du veit vi er blitt sytti år, så vi held det ikkje ut om det hender deg noko. Då tenkte eg på alle dei hundrevis, nei, tusenvis, av mødrane og fedrane som held ut. Så, kva hjelper det? Fire tusen tastaturslag, eitt ord: Fred. Blir det fred av at eg skriv dette? Sjølvsagt ikkje. Vi skal slå freden fram, rad for rad. Han skal trengje inn i kvar sprekk, kanskje dele seg inni oss, for så å einast og bli endå sterkare. Det handlar altså ikkje om å håpe, men om å følgje det grunnleggjande behovet i oss, retten til å vere menneske. Ein dag vil alle trengje fred, når mørket har falle over oss alle. Men skal vi sitje stille og vente til det skjer?

Fire tusen teikn, eitt ord: Fred. Det blir ikkje lett. Vi legg ut på ein veg nokre meiner er meiningslaus. “Kva er vitsen?” vil vi høyre titt og ofte. Kanskje det vil koste meir enn vi trudde, for nokre betaler jo ein høg pris allereie.

Eg vil ikkje skrive om kjensler. For spør du meg, står dei for det mest foranderlege og vaklevorne i oss. Så la oss leggje kjenslene bort: håp, fortviling, kjærleik og hat. La oss heller snakke om kva det er å vere menneske, om kva som krevst for å vere menneske, om galskapen i eit samfunn som lever i krig sjølv utan at nokon har rørt dei, om kor lenge vi har vore ufrie i tanke og sinn.

Aslı sit i fengsel, og vi er ikkje frie. Kor lenge har det vore slik? Kvar dag vaknar vi til ein dagsorden som endrar seg så fort at vi ikkje rekk å leggje merke til at vi er ufrie eingong. Diskursen endrar seg, kvar dag støyter vi på velbrukte ord som demokrati i heilt ny meining. Vi søkjer ein veg medan grunnen sklir bort under oss.
Fire tusen teikn, eit ord: Fred. Kva er vitsen? Det vil tida vise. Inntil vidare gjeld det å finne ein veg, ikkje basert på tiltakslause håp, men på urokkeleg staheit.


Inga kommentarer: