onsdag 26 oktober 2016

Kronikkserie for fred

Det er ganske nøyaktig to månadar sidan den kjende forfattaren Aslı Erdoğan blei fengsla i Tyrkia på grunn av tekstar ho har skrive om krigsovergrep mot sivile i Søraust-Tyrkia og solidaritetshandlingar for den kurdiske avisa Özgür Gündem, som er blitt stengd. I nesten like lang tid har tyrkiske forfattarar kvar dag skrive ein ny tekst i det som blir kalt "skrivevakt for Aslı Erdoğan", og etterkvart også for medfangen hennar, den kjende lingvisten og omsetjaren Necmiye Alpay. Kronikkserien går også under vignetten "Aslıs venner", "Aslı Erdoğan er ikkje aleine" og "Necmiye Alpay er ikkje aleine". 

To av vennene til Aslı har tillate meg å publisere tekstane deira på norsk. I dag kjem den første omsetjinga, og det er ein tekst av pur unge Sine Ergün, som oppsummerer litt og gjev nokre refleksjonar kring aksjonen spesielt og situasjonen i Tyrkia generelt.  


Inga kommentarer: