Å høyre skriket eller gå vidare
Av Emek Erez
Omsett av Gunvald Axner Ims
I dagboka si beskriv Edvard Munch
historia bak det berømte måleriet
”Skrik”: Munch går bortover vegen med to venner. Så går sola ned, og himmelen
blir blodraud. Målaren kjenner seg trøytt og lener seg mot gjerdet medan dei to
vennene går vidare. Munch skriv korleis han kjende skriket gjennom naturen, det
han sidan måler fram i bildet. Når eg tenkjer på bildet i dag, slår det meg
kor kjend det verkar. Nokre går vidare, held fram i livet som om ingenting har
hendt, øyra er stengde for det djupe skriket, for brutaliteten. Andre
stader finst dei som ikkje klarer å snu ryggen til skriket, som stansar opp og
lyttar til det stigande ropet fordi dei ikkje har samvit eller tanke for anna,
nett som Munch høyrer skriket og ikkje kan gå vidare.
Aslı Erdoğan, Necmiye Alpay og
fleire titals venner og kjende sit fengsla: Journalistar, akademikarar og
lærarar som har mista jobben for å ha skrive under på eit opprop for fred. Dei
er alle gode menneske som høyrer skriket frå natur, menneske og dyr, og prøver
å gje det ei stemme. Dei klarer ikkje å snu å ryggen til sanninga og halde fram
med livet dei lever, men gjev slipp på det komfortable livet for å setje seg imot
undertrykking og utestenging same kor mykje det kostar. Kvifor gjer dei motstand?
Fordi dei ikkje har formstøypte hjarte, fordi dei ikkje er serieproduserte
fabrikkvarer eller figurar som staten har dreidd til med tvinge. Dei har hjarte
som let seg påverke og forme, og dei let ikkje dei som styrer, bestemme kva veg
dei skal gå, eller kva kjensler dei skal ha. Derfor rammar undertrykkinga dei
så hardt og gjev likevel livskraft, for korleis skal ein elles kunne puste,
korleis kan ein la vere å sjå det som så mange opplever, og korleis skal ein
klare å tilgje seg sjølv om ein ikkje låner øyre til det stigande ropet?
Dessverre er ikkje staten og
styresmaktene dei einaste skuldige når eg tenkjer på det vi opplever i desse
dagane. Vi har fått eit samfunn der hatkulturen er like sterk som fascismen.
For om vi berre klandrar staten og makta, så er det eit bedrag. For det er folk
som ”av fri vilje” er med og utfører overgrepa til statsmakta. Det er vanskeleg
å finne ei god forklaring på situasjonen, men det er blitt skapt ein tankegang
som det ikkje går an å sjå bort frå. I årevis har denne tankegangen som inneber
at dei andre alltid er dårlege, fått spreie seg i utdanningssystemet, media og religiøse
organisasjonar, heilt til den viser seg i dei enkelte møta mellom folk på gata.
I historiebøkene på barneskolen står det om korleis ”fienden vart feid på
sjøen”, som om det var ein stor siger, utan å nemne at den fienden også var
menneske. Den offisielle historia er skapt av ideologar som ser krig nesten som
ein fest, som aldri har tvilt eit sekund på seg sjølv, og ikkje kjem på tanken
å spørje seg kva dei har sagt, kvifor dei døyr, menneska i dei folkemassane dei
skriv om. Det minner meg om kva Orwell har skrive om nasjonalistane:
”Ikkje berre let dei vere å kritisere det grufulle som blir utført av deira eigne, dei har også ei uvanleg evne til ikkje å høyre noko som helst om det.”
Vi står ved eit vegskilje. Eit
djupt skilje mellom dei som klarar å ha med seg hjartet og samvitet sitt og tre
ut av rammeforteljinga som er skapt av makta, dei som skaper seg ein
nomadeidentitet og tilpassar seg statlege forordningar, og dei som berre kan
sjå seg sjølv på ein plass i fellesskapet som det rådande vi’et føresteller seg. Dette skiljet blir berre
djupare og djupare, det er til å miste pusten, det et opp
setningane og riv orda frå kvarandre. Eit djupt sår mellom dei som består
statsprøven og dei som blir att.
Visst kjem det nye dagar, song folkediktaren
Hüseyin:
”Dei kallar det verda, men alt går over, kva dag er ikkje blitt til kveld?”
Når det ein dag blir kveld og vi
kan sjå med tilbakeblikk på alt det som ikkje kan tilgjevast, vil det også stå
klart for oss at det er for seint å høyre
skriket, for det er her og nå.
Så la oss kjenne tyngden av liva våre, høyre skriket før det er for seint, som
Aslı Erdoğan, Necmiye Alpay og dei andre ...
Om forfattaren:
Emek Erez er masterstudent i etnologi ved Universitetet i Ankara, der ho har studert Antikkens språk og kulturar. Ho har skrive mange artiklar om film og litteratur, kjønn og filosofi som har stått i forskjellige tyrkiske aviser, tidsskrift og nettpublikasjonar.
-->