tisdag 18 januari 2011

Aldri utlånt

Nynorsk Antikvariat har vore så vennleg å sende meg ei raus liste med sikkert tusen lyrikkutgjevingar til halv pris. Og lista gjev eit til tider brutalt bilde av lyrikkens kår i Noreg:

CESAIRE, AIME. Halshugget sol. Dikt i utvalg. Gjendiktning og forord ved Halvor Roll. Oslo 1982. Gyldendal. 8vo. 66 (+1, + 5 blanke) s. Originalt gult omslag med raud og svart ryggtittel. Utrangert bibliotekbok med lånekort i lomme. Har ikkje vore utlånt. Bokmål.
T.nr.: 13022 kr 60,00. 50% rabatt kr 30,00


Endå godt at det er ei omsetjing. Så er det sikkert nokon som har lese henne på originalspråket.





1 kommentar:

Signhild Stave Samuelsen sa...

Eg fekk så dårleg samvit for denne ikkje utlånte boka at eg rett og slett måtte google denne Aimé, som viste seg å vere nasjonalskalden på Martinique. (Han har til og med fått ein flyplass kalla opp etter seg. Men store menn får jo gjerne det...)

Og han skriv jammen ikkje så dumt, den mannen:
http://www.poets.org/viewmedia.php/prmMID/15976