onsdag 10 november 2010

Eit par glimt frå Madison

Mange har spurt om ikkje eg kan dele fleire bilde frå reisene mine i aust og vest. Bilde skal bli! Her frå Madison, heimstaden min dette semestret:

Delstatsbygninga i Madison, "the Wisconsin State Capitol." Den ligger på høgda som alle vegar i "the Mad City" fører til. Og om ein ser bort ifrå dei fire utstikkarane, liknar bygninga ganske mykje på Capitol i Washington--så mykje at filmskaparar visstnok kjem hit for liksom å filme Washington--men sjølv har eg ikkje sett noko eksempel på det. (Sei gjerne ifrå om du har sett ein slik film.)

Terassen til studenthuset, eller "the Memorial Union Terrace" med utsikt mot sjøen Mendota.

Inga kommentarer: