torsdag 18 november 2010

Kva sjukdom har DU råd til?

Idet eg skulle gripe om nikilosmanualane mine i dag, blei eg møtt av dette STOP-skiltet, som sa: "Sanitize your HANDS."



Amerikanarane kan det å kommunisere effektivt, og studentidretten, her i samarbeid med sjukepleien, er ikkje noko unntak. Det beste er at dei aldri ber deg gjera noko utan å forklare korfor. Den vennlige påminninga denne gongen var: "Unwanted germs can cause an illness you can´t afford."

Ikkje veit eg om plakaten er meint som eit spark til helsereformen som ikkje er ein helsereform, eller om den siktar meir generelt til studentanes travle tilvere og dårlige utsikter til det svenskane kallar "prolongation", men eg må nok slå fast at eg neppe har råd til mange dagane i senga dersom eg skal ha ei doktorgradsavhandling ferdig i 2013.

Inga kommentarer: