lördag 13 november 2010

Chichen Itza etter Apokalypsen

Eg er nettopp kommen tilbake til hotellet etter ein dagstur til den gamle mayabyen Chichen Itza på Yukatan-halvøya i Mexico. Namnet skal bety "Munninga ved brønnen til Itzaene". Byen hadde si storheitstid for tusen år sia -- og det var mektige ting vi fekk sjå og høre.

Ei av dei arkitektoniske nyvinningane for mayaland i Chichen Itza, er desse søylegangane ved Soldattempelet -- elles er mayaarkitekturen generelt monumental og ikkje prega av opne rom. Då vi stod her, dukka det også opp nokre ungar som gav oss ein prøvesmak på moderne maya-språk.


Det mest imponerande byggverket i den forne mayahovedstaden er nok likevel Kukulkan-tempelet, ein kombinert kalender, offerplass og gravkammer. Her er eit trappetrinn for kvar av dei 365 dagane i året. Kvart vårjamdøgn snik slangen Kukulkan seg ned langs ei av sidene på tempelet. Og kvart haustjamdøgn kryp den same slangen opp igjen. Om du står nær og klappar, hørest det fugleskrik innantil tempelet. Det er ekkoet som visstnok hørest ut som quetzalen, ein heilag fugl for mayaene.

Ikkje langt frå Kukulkan-tempelet ligg eit platå bygd opp av skrekkinngytande hovuder i stein. Det er mykje fint å seia om mayaene. Dei hadde avansert kunnskap innan astrologi og geometri, og dei hadde eit skriftsystem basert på hieroglyfar. Det meir problematiske med denne kulturen var den institusjonaliserte menneskeofringa. Gaiden vår kunne fortelje at veggen du ser ovanfor, trulig er bygd for å æra dei som vart ofra til mayagudane.

Han kunne også fortelle at tempela og veisystemet som binder dem sammen, til sammen størstedelen av byen, var bygd tre meter over jungelnivå for å skille overklassen fra underklassen. Idet han forklarte dette, pekte han ned mot grøftekanten der dagens mayaer satt på rekke og rad med spikk og annet håndarbeid som de ville selge oss turistene "veldig billig."

Inga kommentarer: