onsdag 17 november 2010

Verda ER ikkje stor!

På veg heim frå Mexico fekk eg bekrefta dette enda ein gong. Eg hadde komme trygt gjennom passkontrollen i Detroit og sat og venta på flyet til Madison, då ein blid, liten skikkelse stakk fram hovudet sitt og sa hei.

Det var Anitra, ein venn og kollega i Berlin. Så der, på ein internasjonal flyplass i den mest dekadente delen av Midtvesten, blei vi sitjande å snakke -- om litteraturkonferansen ho nett hadde vore på, om sommaren i Berlin, amerikansk fotball og Istanbul-minner, om felles kjende i aust og vest. I etterkant slår det meg, ikkje berre at verda ER lita, men også at eg er blitt stor.

På nittitalet var det ein del snakk om den globale landsbyen, der torget heiter Internett, og gatene flytrafikk og hurtigtog. Det var noko draumeaktig over slike samtalar den gongen, før millenniumsskiftet. Men nå slår det meg at eg ER ein slik landsbybuar. Så dette er altså globalisering.  

Inga kommentarer: